Kartleggingsprøve i rekning

Det skal gjennomførast ei obligatorisk kartleggingsprøve i matematikk for alle elevar på Vg1 hausten 2009. Føremålet med kartleggingsprøvene er at skolen og lærarane skal få oversikt over kva for elevar som har svake ferdigheiter og treng ekstra oppfølging. Informasjon frå prøvene skal gi skolen og læraren eit betre grunnlag for å setje i verk tiltak på eit tidleg tidspunkt i vidaregåande opplæring.

Kartleggingsprøva er ei prøve i rekning som grunnleggjande ferdigheit, og oppgåvene er laga på bakgrunn av læreplanane for 10. steget. Det er altså ikkje ei prøve i faget matematikk, men i rekning som ei integrert ferdigheit i alle fag.

Resultata skal først og fremst brukast av lærarane og skolen i tilrettelegginga av opplæringa slik at elevane får utbytte av vidaregåande opplæring.


Skolen skal gi eleven tilbakemelding på prøveresultatet. Dette kan vere utgangspunktet for ein samtale mellom lærarar og elevar i ein tidleg fase av vidaregåande opplæring.

Du finn meir informasjon på nettsidene til Utdanningsdirektoratet