![]() |
Kulturhistorie -
Vennesla 2000
|
Home Page | About city | About this report | The CEROI network | FAQ | Search | Feedback | Links | Map |
| Venndøl mæ tæl Melodi:De tre små fisk i en fiskehandlers disk. He du hørt historia om bula kongen Rolf, Råne, råne, bula, bula, drikk dæ ihæl. Rolf han vakke no akademiker dust. Råne, råne, bula, bula, drikk dæ ihæl. Rolf han va ein heljeli mann, Råne, råne, bula, bula, drikk dæ ihæl. Men ein kveld gikk han på Nattcafe. Ugga bugga, hula, hula, halleluja. Marianne
Det er personalmøte i dag. Innkallinga er i samanheng med nokre rykte som går på skulen. No er det jo ikkje noko nytt at der er rykter på Vennesla skule, men desse rykta var annleis. Enkelte elevar har motteke brev. Merkelege brev, trusselbrev kanskje...! Stille og roleg møter eg opp klokka halv fire presis! Det er ei alvorleg stemning som herskar inne på lærarrommet i dag. Rektor kremtar litt for å fange merksemda. «Som dei fleste allereie veit, så har det her på skulen sirkulert nokre merkelege brev. Fleire elevar har funne anonyme brev liggjande i sekken sin. Breva vart fyrst sett på som ei form for dårleg humor, men no har nokon vorte litt alvorlegare enn eg skulle ynskje. Nokre let seg verkeleg skremme av desse tåpelege påfunna!» Han byrjar med å sitere eit av breva, «Eg ser deg! Eg ser kva du driv med. Eg ser vondskapen i hjartet ditt, og ein dag skal du få betale tilbake med ti gonger den smerta som du har påført andre. Men hugs.... eg ser deg!» Han tek ei lita pause; «Fleire har altså vorte redde, og nokon trur til og med at breva er av religiøs tyding!» «Vår herre har vel betre metodar å ty til enn det gamle postvesenet, når Han skal minne om Dommedag..,» tenkjer eg med meg sjølv, medan rektor avsluttar. «..så eg oppfordrar dykk til å vere på vakt, og melde ifrå til meg, om det skjer noko utvikling i saka!» Eg ser rundt meg. Nokre av lærarane er litt sjokkert, medan resten verkar heller likegyldig. Eg tilhøyrer vel helst den siste gruppa. Etter fleire år som vaskehjelp, har eg opparbeidd meg ei noko kynisk haldning overfor elevane, og heller ikkje ei slik hending får meg til å vis medynk! Fram - tilbake, fram - tilbake, dupp, dupp, dupp! Golvet vert og reinare for kvar sveip eg gjer med filla. Eg liker at det vert reint. Eg liker kjensla av kontroll når eg klarer å utføre oppgåva mi. Og oppgåva mi, det er å vaske skiten etter andre! «Ho sit lenge i dag!,» tenkjer eg irritert, medan eg let som om eg vaskar kluten. Ho går i 3.klasse, og sit alltid i gangen når ho et maten sin. Ho smular, og kastar alltid matpapiret på golvet. Så fort ho flyttar seg, så bruker eg å vaske, og sjå til at ikkje ein smule ligg att på golvet. Eg kastar eit irritert blikk i håp om at ho flyttar seg, men ho sit berre der. Ser faktisk litt bleik ut. Rykta seier at ho har fått eit brev, og eg føler plutseleg litt medkjensle overfor jenta som har for vane å vere så livleg. Nøgd ser eg at ho pakkar sekken og går. Smulane og matpapiret ligg igjen, men berre eit halvt minutt etterpå er golvet skinande blankt. Tilfreds med arbeidet, høyrer eg ringjeklokka, og ser at gangen raskt vert fylt opp av bråkande elevar, som hastar gjennom korridoren for å rekke neste time. Automatisk vender eg blikket ned i golvet og fatt i tralla mi. «Hei du, vaskekona!» Ei skringrande stemme borar seg inn i øyret mitt, og ei ekkel kjensle seier meg at eg ikkje kjem til å like det eg skal høyre. «Du likar å tørke skitten opp etter andre, gjer du ikkje? Eg har nett tråkka i ein hundebæsj.....eg skal vere grei å trampe litt ekstra når eg går!» Guten tek til med å trampe, slik at golvet vert fullt av møkk. «Dessutan liker ikkje mamma å få hundebæsj under neglene, når ho vaskar gangen heime!,» legg han til, medan han set ifrå seg ein grøn ransel, for så å forsvinne nedover gangen saman med ein gjeng av gutar som ler på mi kostnad. Kald og roleg grip eg fatt i vaskefilla, tørkar opp, og kan ikkje unngå å leggje merke til den brune randa under neglene mine. Gangen er heilt stille, ikkje ei sjel er å sjå. Utan ei mine går eg målbevisst mot den grøne sekken, opnar han og slepp oppi ein heilt kvit konvolutt........! |